93 prosent av unge kristne vil endre eigen pornobruk
UNDERSØKING: Ei undersøking gjort av Tro & Medier har sett på haldningar og bruk av pornografi hos kristne. Ein ting ser ut til å påverke pornobruken spesielt.
NEGATIVE: Nesten 80 prosent av kristne menn og kvinner over 16 år oppgir at dei har «svært negative» haldningar til pornografi. Det viser ei undersøking gjort av Tro & Medier.
/NTB Tema
– Vår klare oppleving var at det er mange som brukar pornografi, men me ønska å få noko meir fakta på bordet, skriv Jarle Haugland, dagleg leiar i Tro & Medier i ein SMS til Vårt Land.
Ei undersøking gjennomført av Tro & Medier har sett på haldningane kristne har til pornografi. Undersøkinga heiter «Det jeg ikke vil, det gjør jeg» og har intervjua i overkant av 2.500 kristne om deira pornovanar. Spørjeundersøkinga vart sendt ut til kyrkjelyder, kristne skular og enkeltpersonar i 2024.
Avisa Dagen omtalte saka først.
Bestill abonnement her
KJØP